søndag 11. april 2010

Vennehelg:D

Eg fikk så lyst å oppdatere bloggen etter ei heilt herlig helg, så no trossa eg smertene det vil medføre i mi høgre hand, og smelle til med eit lite helgereferat:)

Fredag kveld begynte gleden med tur til Salem på T1, tenåringsmøtet der, for å vere med på det og på konserten som fulgte etterpå, av og med Sygnakoret på korturnè, med Katarina i spissen. Kjempe kjekt å sjå ho igjen, og koret var knallflinke! Skikkelig trøkk i dei:) Herlig! I tillegg var også Sondre i byn, fordi han er på Bildøy for tida:) Så vi var ein heil gjeng: Dei to, Lene, Andreas, Anne Karin, Angela, Lena og meg:) Etter konserten var vi igjen og åt hamburger, deltok på quiz og prata...kjempe kjekk kveld! Men festen stoppa ikkje med det...Eg, Lene, Andreas, Sondre og Lena reiste opp igjen hit, og så kom Katrine etterkvart...så då blei det is, SingStar og speling av Alias...konge kveld:D Så rundt klokka tre fant vi sengene våre...seint men godt:)

Lørdag starta eg, Lene og Sondre med ein tur på butikken, etterfulgt av ein roleg frokost:) Så tok vi og Andreas turen til Åsane på biltema og diverse, og så koste vi oss med is på ein kafè:)
Når vi kom heim mekka guttane på sykkel, mens eg og Lene laga graut til middag! I tillegg klarte eg innimellom der å få bestilt flybillett til Tromsø 12.-14.mai! Glede stor - det blir herlig:D
Etter middag var det meir skruing og kaffi som stod på programmet, før eg og guttane sette oss i bilen i retning byn og møte i Salem:) Kaffien gjorde meg imidlertid rimelig dårlig, så Sondre gikk på kino med nåken etterpå, mens eg og Andreas gikk heim rett etter møtet...vi tok beina fatt og gikk heile veien...ein koselig tur:)

I dag har eg vore på fjellet! Eg, Lene, Ragnhild H., Steinar, Kari (som går i klassa mi og kjenne S.) og Daniel (kompis av S.) tok turen til Løvstakken...vi tok oss god tid og hadde ein veldig koselig tur:) Godt å vere ute i det herlige vårværet som endelig er komt til Bergen og:)

Eg har med andre ord hatt ei svært innhaldsrik helg, og skulle jo derfor gjerne lagt ut masse bilder..men eg har jo sjølsagt ikkje hatt kamera med meg, så det får holde med et bilde av eit sikkert vårtegn:)

2 kommentar(ar) som eg blir VELDIG glad for!!:

silje i japan sa...

KOSELIG KOSELIG KOSELIG!!

katarina sa...

Konge Elin:) Tru det eller ei, men jenta her oppdatert bloggen sin:) Stikk innom då! Var skikkelig koselig å sjå dokke igjen! I kveld er eg så vanvittig trøtt! hehe... Har vore på aerobic då og har grilla på Lunde:)