I helga har eg altså vore på Sygna igjen:) Eg, Anne Karin, Andreas og Daniel kjørte oppover fredag formiddag (og Hanne kom frå Lundeneset torsdag, og sat på opp). Vi kom fram ca. fire, så vi hadde jo halve dagen igjen:) Sat ei stund i matsalen og prata med Katarina og Solbjørg, og Anne Marit som var komt frå Volda, før vi kjørte på butikken. Der blei det gjort storinnkjøp for helga!
Oppe hos Katarina igjen, sette vi i gong med matlaging. Vi laga Oreokake til kvelden, og så hadde vi taco til kvelds:) Tok ein tur opp i kafèen og deltok på quizen, kor vi kom på andreplass, kun slått med 1 poeng av lærarlaget! Så sida det ikkje blei nokon premie på oss, returnerte vi i stedet til det store huset til Katarina og proppa oss med kake, prata og såg film frå russerevyen vår. Blei ein sein, men koselig kveld:)
Lørdag våkna vi av at det allerede var liv på kjøkkenet, så når vi kom inn, hadde Andreas og Daniel laga ein herlig frokost med egg, baguettar osv...sånn det skal vere;p Det blei ein lang og god frokost:)
Guttane tok så turen ut for å stå på snowboard, mens eg, Katarina og Anne Karin heller gikk oss en tur i vakre Baleby:) Når vi kom inn igjen, begynte det å strømme på med meir folk. Sondre kom frå Sogndal og Lena, Ida, Åshild og Stine kom frå Bergen.
Etterkvart tok vi turen opp i matsalen for å smake på Sygnagrauten, og der var jammen Hanne S. komt frå Bergen og, og Anne Maren, Lene og Siv var komt frå Sogndal. Einar kom også oppover etterkvart. Storsamling med andre ord!
Etter middag syns vi det var på sin plass med meir oreokake, så nåken av oss tok turen ned igjen i huset, og der kom jammen Solbjørg, John Martin, Roar og Karen på besøk også:) Skikkelig kaffiselskap:p
Lørdag kveld var det klart for helgas høgdepunkt, årets russerevy! Den var bra, men kan jo ikkje samanliknast med vår...hehe..;p
Søndag gjentok lørdagens overraskelse seg - Andreas, Daniel og Sondre stilte opp med herlig frokost! Tusen takk;)
Litt før middag, sette eg, Anne Karin og Andreas oss i bilen, og sette snuten mot Bergen igjen, etter ei veldig bra helg:D
Sjølsagt har eg vore skikkelig dårlig til å ta bilder, men eg legge ut ein liten filmsnutt frå helga:)
0 kommentar(ar) som eg blir VELDIG glad for!!:
Legg inn en kommentar