Fredag morgon blei eg med Solgunn til Oslo når ho skulle på forelesning, så eg gikk og vandra eit par timar i Karl Johan, før eg traff Sunniva og Hanne Marit. Vi gikk på Egon og åt lunsj i lag, prata og mimra:) Etterpå måtte Hanne Marit gå på skulen, så eg og Sunniva gikk litt på Oslo City, før eg reiste opp til Fjellhaug og besøkte Peder:) Ganske stolt over at eg klarte å finne fram på eiga hand:p Etter ei stund der med prating, musikksnakk osv... fulgte han meg til T-bana (hadde ikkje klart å finne den sjøl, for å sei det sånn!) og eg kom meg på bussen mot Ytre Enebakk:)
Hos Ingrid var Irene og Solgunn allerede komt, og vi koste oss med taco, prating og speling...konge! Utpå kvelden kom Lene også frå Bergen og Torbjørn frå garden:) Og då blei det endå meir speling og prating:) Det blei ein sein kveld!:p Og Ingrid fikk fulle huset av overnattingsgjestar:p Og endå med så mange i leiligheten, så var det ingen som våkna før Isabelle ringte halv tolv...haha:p
Vi pressa appelsinjuice:p

Lørdagen blei egentlig en litt avslappingsdag....Ingrid og Torbjørn laga invitasjonar, og eg og Lene bare var der, og laga graut til middag, før vi tok bussen inn til Oslo og møtte Isabelle:) Vi koste oss lenge med kake, kakao og masse prating på ein kafè, før vi tok turen til Misjonssalen, i lag med Ingrid, Torbjørn, Peder og Sigve..:) I tillegg traff vi jo masse andre kjentfolk!
Etterpå gikk vi til hybelen til Sigve ei lita stund, mens vi venta på at Katrine og Lena skulle ankomme med tog frå Bergen, for å reise til Egypt på søndag.. Når dei va komt, gikk heile gjengen på McDondalds...der joina Peter også:)
Søndagen tok vi det rolig hos Ingrid, gikk ein tur og laga skikkelig kjøttkakemiddag:) Så reiste eg og Lene inn til Oslo igjen, kor ho blei hos Isabelle, og eg reiste vidare til Gardermoen og Bergen...!
TUSEN TAKK for ei herlig helg, alle sammen!! Det var så godt å treffe alle igjen! Eg er så utrulig takknemlig for alle vennane eg har fått!:D
1 kommentar(ar) som eg blir VELDIG glad for!!:
winbacSNAKK OM DRØMMEHELG!
Bevare meg vel kor masse folk det går an å treffe på tre daga du!!
Unna deg virkeli turen!
sitte her å tenke på at det e akkurat ett år sida vi reiste til Sør-Amerika no:)
Times are a'changing
ha ei flott veke så!:)
Legg inn en kommentar