tysdag 19. januar 2010

Endelig!

Eg har fått ny data! Så no blir det endelig ei oppdatering herifrå:) Hadde egentlig tenkt å legge innpå nåken bilder frå jula, men dei hadde eg fått av pappa, og sjølsagt ikkje kopiert dei frå den gamle dataen og inn på ekstern harddisk...så der forsvant dei...men kanskje dei kjeme ut når eg har fått dei på nytt:)

I stedet legge eg ut nåken bilder frå lørdag for to helger sida, då eg og tre i klassa mi, Siv Iren, Mari og Siri, var ein tur på Fløyen:) Ein knall-fin tur! Og vi fikk virkelig sett forurensninga i Bergen ovanifrå:p
Etter jul har eg faktisk komt i gong igjen med trening! Ikkje verst..hehe:p Og vi er komt i gong på skulen igjen...på mandag begynner vi i praksis! 8 veker på sjukeheim! Det kan bli bra..men det kan bli veldig lenge og..! Ellers har livet egentlig gått med til å vere sosial, passe Pettersen Jr`s, sjå film osv...:p

På torsdag reiser eg til Oslo for helga! Det trur eg blir bra:) Skal sove hos Solgunn og Tarjei første natta, og hos Ingrid dei to andre...Gleda meg!:) Håpa eg får treft mange - både Sygnafolk og Fjellheimfolk!

3 kommentar(ar) som eg blir VELDIG glad for!!:

silje.amland sa...

Koselig! Fint vær i Bergen faktisk:)
Å jeg kjenner jeg gleder meg til å se deg igjen!!!

klem klem

Ingrid sa...

JIPPI! Blir kjekt med besøk:) Velkommen skal du ver.

aashild sa...

Gratulerer med ny data, då! Og med oppdateringa;)